I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Området spenn frå nesten havnivå til godt over 2000 meter. Landskapet har blitt forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusener av år. I dag finn ein alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre.

Nasjonalparken ligg i Skjåk og Lom kommunar i Innlandet fylke og Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Tilgrensande verneområder

Jostedalsbreen nasjonalpark, Strynefjellet landskapsvernområde, Mysubytta landskapsvernområde, Høydalen landskapsvernområde, Mørkridsdalen landskapsvernområde, Vigdalen landskapsvernområde, Geiranger-Herdalen landskapsvernområde, Høyrokampen naturreservat og Honnsrøve naturreservat.

Verneformålet til Breheimen nasjonalpark

Utdraget under er henta fra § 2 i verneforskriften for Breheimen nasjonalpark:

Føremålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep.

Vidare er føremålet med nasjonalparken å ta vare på:

  • eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald
  • leveområde til villreinstammen i Ottadalen villreinområde
  • vassdragsnaturen i området
  • ein variasjonsrikdom i geologi med særprega geologiske førekomstar, vegetasjon og landskap
  • grottene i området
  • kulturminne

Kva for restriksjonar som gjeld i nasjonalparken kan du lese om i verneforskriften § 3.

Besøkssenter nasjonalpark

Knytta til Breheimen nasjonalpark er Besøkssenter nasjonalpark for Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, i Norsk fjellsenter i Lom og Besøkssenter Jostedalsbreen og Breheimen, i Breheimsenteret i Jostedalen. 

Besøkssenteret skal

  • være ein åpen dør til naturen og naturopplevelsar
  • informere om nasjonalparker og naturvern
  • skape forståing for vern av sårbare naturtypar og artar og verdia av store samanhengande naturområde

Forvaltning av nasjonalparken

Klima- og miljødepartementet har delegert myndigheit for å forvalte nasjonalparken til Breheimen nasjonalparkstyre.

I tillegg er ein nasjonalparkforvaltar ansatt hos statsforvaltaren som sekretariat for styret. Vedkommande er underlagt styret i det som handlar om forvaltninga av verneområdet og har i oppgave å sikre god kontakt med, og ha kunnskap om, lokalmiljøet.

Forvaltaren skal og sjå til at forvaltninga skjer i samsvar med internasjonale forpliktingar nasjonale føringar, naturmangfoldlova og verneforskriften til  området.

Flere fakta om nasjonalpark og vernet natur

Turistinformasjon