Norske forskarar blir forfattarar i FN-rapportar

Fire norske forskarar og ekspertar er valde ut til å bli forfattarar i to av FNs klimapanel (IPCC) sine komande klimarapportar.

Publisert 11.02.2025

Noreg skal nå klimamåla våre. Rapportane frå FNs klimapanel inneheld den fremste kunnskapen verda har om klimaendringane. Dei gir Noreg og resten av landa i verda eit viktig grunnlag for å nå måla i Parisavtalen. Eg er stolt over at fire klimaforskarar og ekspertar frå Noreg er plukka ut til å delta i dette viktige arbeidet framover, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Rapportane til FNs klimapanel (IPCC) er det viktigaste faglege grunnlaget om klimaendringane. No er forskarane og ekspertane Stefan Sobolowski, Marianne Tronstad Lund, Håkon Frøysa Skullerud og Øyvind Skreiberg valt ut til å bli medforfattarar i to av dei komande klimarapportane.

FNs klimapanel fekk totalt inn cirka 1600 nominasjonar av forfattarar frå heile verda til desse rapportane.

Dette er ei stor anerkjenning av forskarar og ekspertar med norsk tilhøyrsel. Det viser at Noreg har klimaforskarar i verdsklasse, seier Anna von Streng Velken, direktør i klimaavdelinga i Miljødirektoratet.

Rapport om klimaendringar og byar

87 forfattarar skal skrive ein klimarapport om byar. Ein av desse er Stefan Sobolowski, som til dagleg jobbar som forskingsleiar ved Bjerknessenteret for klimaforsking og Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Stefan skal bidra som hovudforfattar i kapittel 2 om byar i eit endra klima. Det tek for seg trendar, utfordringar og moglegheiter i byar. Spesialrapporten skal vere ferdig i mars 2027 og vil svare på korleis byane kan redusere klimagassutsleppa sine og korleis dei må tilpasse seg for å handtere verknadene av klimaendringane – både verknadane som allereie er her no, og dei som vil kome. 

Rapport om kortlevde klimagassar og partiklar

Klimagassar og partiklar med kort levetid i atmosfæren, kjend som kortlevde klimadrivarar, har ein stor innverknad på både klimaet og lokal luftkvalitet.

Metoderapporten til FNs klimapanel skal derfor gi praktisk rettleiing for verdas land sitt arbeid med å estimere utsleppsdata for kortlevde klimadrivarar i utsleppsrekneskapane sine, og vil komplimentere gjeldande metodikk frå Klimapanelet. Den skal vere ferdig i andre halvdel av 2027.

Av totalt 100 forfattarar, har tre norsk tilknyting: Marianne Tronstad Lund ved Cicero Senter for klimaforskning, Håkon Frøysa Skullerud ved Statistisk sentralbyrå (SSB) og Øyvind Skreiberg ved Sintef.

Marianne skal bidra som hovudforfattar i bind 1, som skal gi bakgrunnsinformasjon om korleis dei kortlevde klimadrivarane påverkar klimasystemet.

Håkon skal bidra som hovudforfattar i eit eige vedlegg om hydrogen (H2).

Øyvind er valt ut som hovudforfattar i bind 2 om energi, meir spesifikt i kapittelet om stasjonær forbrenning.

Klima, luftkvalitet og byar heng saman

Det er tette koplingar mellom klimagassutslepp og luftforureining, og mange tiltak har positive effektar både for klima og luftkvalitet. Dette er spesielt viktig i byar og tettbygde område med helseskadeleg luftkvalitet. Begge rapportane vil adressere samanhengane mellom klima og luftkvalitet, og bidra til auka kunnskap om utfordringar, målkonfliktar, løysingar og synergiar.

Det er viktig å forstå samanhengane mellom klimagassutslepp og luftforureining, spesielt i byar med helseskadeleg luftkvalitet. Dei komande rapportane til Klimapanelet vil auke kunnskapen om utfordringar og løysingar, noko som vil vere nyttig for både lokale og nasjonale styresmakter, seier Anna von Streng Velken.

Viktigaste kunnskapsgrunnlag om klimaendringane

Ein viktig milepæl i arbeidet til FNs klimapanel er nettopp denne utveljinga av forfattarar til rapportane som skal samanlikne vår tids oppdaterte kunnskapsgrunnlag om klimaendringane.

Vi gler oss til å følgje arbeidet til desse forfattarane frå sidelinja i dei komande åra. Noreg har sterke forvaltnings- og fagmiljø både når det gjeld kortlevde klimadrivarar, men også for byutvikling. I tillegg har vi byar som er framoverlente, og som får til å skape samfunn der livskvaliteten går opp, samtidig som klimagassutsleppa går ned, seier Ole-Kristian Kvissel, seniorrådgivar og nasjonalt kontaktpunkt for FNs klimapanel.

Forfattarane skal skrive dei to første klimarapportane i ein serie av totalt sju rapportar.