Ung spekkhoggar døydde med rekordhøge nivå av miljøgift

Den tre år gamle spekkhoggaren Elida vart funnen død i Sognefjorden i 2021. Ny rapport viser at ho var full av 40 år gamle miljøgifter.

Publisert 30.10.2024

Miljødirektoratet har i samarbeid med Norsk institutt for vassforsking (Niva) og klima- og miljøinstituttet Nilu analysert prøvene som vart tekne av spekkhoggaren Elida. Dette er ein del av Miljødirektoratets kartleggings- og overvakingsverksemd.

Spekkhoggaren var ein del av ein familie som Norwegian Orca Survey (Nos), ved hjelp frå lokalbefolkninga, har følgt over fleire år.  

–  Forureining blir transportert over store avstandar, blir ikkje broten ned og blir verande i naturen i lang, lang tid. Der kan dei påverke dyr, menneske og miljø i mange år. Spekkhoggaren Elida fortel ei skremmande historie om gamle miljøgifter som har vore forbode i årevis, men som aldri blir borte. Det er nyttig kunnskapsgrunnlag i det iherdige arbeidet vårt med å redusere spreiing av miljøgifter gjennom strenge europeiske og globale reguleringar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.  

Høgast målte nivå av gamle miljøgifter 

Spekkhoggaren Elida viste seg å ha svært høge nivå av miljøgiftene PCB og PBDE i spekket sitt. Spekk er det tjukke feittlaget som kvalar og sel har for å mellom anna halde på varmen.

PCB har vore forboden sidan 1980-talet, og PBDE har vore forboden sidan 2000-talet. Fordi stoffa ikkje blir brotne ned i miljøet så finn vi dei framleis mange åra seinare.  

Ein reknar med at negative effektar frå PCB førekjem ved omtrent 9 mg/kg. Summert PCB-mengde i spekkhoggaren Elida var meir enn 10 gonger så høgt, over 120 mg/kg.  

Spekkhoggaren hadde det høgaste nivået av målte miljøgifter analysert sidan 2015 samanlikna med andre spekkhoggarar frå Noreg. Sjølv om Elida hadde desidert høgast nivå av PCB og PBDE, fann ein også denne typen stoff i andre kvalar og haiar.  

Dødsårsak ukjent 

Den unge spekkhoggaren var svært avmagra då ho vart funnen, og magen hennar var tom. Dette kan ha ført til at miljøgiftene som før låg lagra i spekket, vart sleppt ut i blodet hennar.   

–  Hadde Elida av ein eller annan grunn fått ein dårleg helsetilstand som gjorde at ho måtte bruke feittlagera sine, der miljøgiftene låg lagra? Eller var det miljøgiftene som gav Elida ein dårlegare helsetilstand? Det er umogleg å seie kva som kom først. Uansett er det svært sannsynleg at miljøgiftene gjorde vondt verre, seier Eve Marie Jourdain frå Nos. 

Åt truleg mykje pattedyr  

Elidas familiegruppe et truleg mykje pattedyr, som sel og niser, medan dei fleste spekkhoggarar i Noreg elles et mest sild. Det betyr at Elida åt føde høgt oppe i næringskjeda og vi veit at miljøgiftene blir akkumulerte oppover i næringskjeda.

På den måten kan Elida ha fått i seg meir miljøgifter enn tilsvarande familiegrupper som et mest sild.     

I tillegg har morsmjølka til spekkhoggarar gjerne høge nivå av miljøgifter, fordi ho er feittrik og blir laga av det mora et. Dermed kan unge spekkhoggarar som Elida få i seg mykje miljøgifter på kort tid.  

–  Det er eit kjent problem at dyr som er høgt i næringsnettet, slik som spekkhoggarar, gjerne har høgare konsentrasjonar av miljøgifter i seg. Dette er fordi dei et andre dyr som også har miljøgiftene i seg. Desse har igjen ete andre dyr, og så vidare. Derfor får ein ei opphoping av miljøgifter når ein kjem høgare opp i næringsnettet. Miljøgiftene blir ikkje brotne ned, men blir lagra i kroppen og blir tekne med vidare, seier Cathrine Brecke Gundersen frå Niva. 

Les fagmeldinga og rapporten her: