Hamnespy funne nord for Sognefjorden for første gong
Hamnespy held fram med å spreie seg nordover, viser ny kartlegging. Hamnespy-DNA er no også funne i Bergen hamn og områda rundt.
– Hamnespy har tidlegare ikkje blitt funne nord for Sognefjorden. Denne undersøkinga viser funn av hamnespy-DNA i tre vassprøver frå Florø og to frå Måløy. Dette er ein sterk indikasjon på at arten no også er etablert i desse hamnene, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Hamnespy er ein framand art som opphavleg kjem frå Japan, og har spreidd seg via skipstrafikk. Arten veks som eit teppe på havbotnen, og tar over leveområda til artar som naturleg høyrer heime der. 251 vassprøver er no samla inn og analysert for hamnespy-DNA, langs heile norskekysten frå Trondheimsfjorden i nord til utløpet av Oslofjorden i sør. Havforskingsinstituttet og Norsk institutt for naturforsking (NINA) har gjort kartlegginga, på oppdrag frå Miljødirektoratet.
Mogleg å redusere negative konsekvensar
Forutan dei nye funna i hamner nord for Sognefjorden, blei hamnespy-DNA for første gong funne i Bergen hamn, og på Sotra og Stord. Havnespy-DNA blei ikkje oppdaga i andre fylke enn Vestland og Rogaland. I Rogaland blei det berre funne hamnespy på stader ein frå før visste at den framande arten har etablert seg. Hamnespy blei påvist for første gong i Noreg i Engøysundet i Stavanger i november 2020.
– Vi er bekymra over at hamnespy spreier seg nordover. Samtidig ser det ut til at spreiinga først og fremst skjer via skips- og båttrafikk, og særleg frå båtar og installasjonar som først har lege i ro ein lengre periode. Det gjer det mogleg å setje inn tiltak for å bremse og hindre spreiinga, og forhåpentleg redusere dei negative konsekvensane arten har for naturmangfald og marine næringar, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Ingen hamnespy-funn i Oslofjorden
I 2022 blei hamnespy funne på Kosterøyene i Sverige, like ved utløpet av Oslofjorden.
– Fordi hamnespy har etablert seg på svensk side like utanfor Oslofjorden har vi brukt ekstra ressursar på å leite i Oslofjorden. Det blei tatt fleire prøver i området, men heldigvis viste ingen av desse funn av hamnespy i Oslofjorden, seier Ellen Hambro.
For å følgje utviklinga i Oslofjorden gir Miljødirektoratet tilskot til at Oslofjordens Friluftsråd i samarbeid med Havforskingsinstituttet lærer opp dykkarar og pilotar av undervannskamaraer. Dei skal gjennomføre kartleggingar i hamner og område der det er størst sannsyn for at arten kan etablere seg.
Båteigarar blir bedne om å følgje med
Båtsesongen er no straks i gang for fullt, og det er svært viktig at alle som ferdast i område med hamnespy er observante og gjer tiltak for å hindre vidare spreiing. Det viktigaste ein kan gjere for å hindre spreiing av hamnespy er å sjekke båten sin og anna utstyr jamleg, og reingjere det viss det har lege ute i sjøen over lengre tid. Hamnespy døyr ved uttørking i løpet av éi veke, eller ved kontakt med ferskvatn i minst seks timar.
Alle aktørar som driv skipsfart eller gjennomfører prosjekt i sjø som kan føre til spreiing av hamnespy, har i samsvar med Naturmangfoldloven ei aktsemdsplikt. Dette inneber at dei må gjere tiltak for å hindre spreiing av hamnespy.
For å prøve å hindre innførslar av nye framande og skadelege artar til Noreg koordinerer Sjøfartsdirektoratet Norges innspel til ein pågåande revisjon av internasjonale retningslinjer for begroing på skip. Dei har fått i oppdrag frå Klima- og miljødepartementet å sjå på korleis retningslinjene kan takast inn i norsk regelverk.