Sjøbotnen i Store Lungegårdsvannet har vorte rein

Sjøbotnen i Store Lungegårdsvannet i Bergen er no rydda for skrot og forureining av tungmetall og organiske miljøgifter.

Publisert 27.08.2024

Etter oppryddinga er det teke prøver av den nye sjøbotnen, som viser at sjøbotnen er rein og har god kvalitet. Tiltaket bidreg også til at målet om god kjemisk og god økologisk miljøtilstand i vassførekomsten (Byfjorden indre) kan nåast og oppfylle krava i vassforskrifta. Dyre- og planteliv kan på sikt reetablere seg på sjøbotnen. Prosjektet er også dermed eit godt døme på vellykka naturrestaurering.  

- Fjerning av miljøgifter og tildekking av sjøbotnen fører til at miljøgiftene ikkje spreier seg til livet på botnen og i vatnet. Planane om å etablere badestrand og parkareal ved Store Lungegårdsvann bidreg til at områda rundt blir godt eigna for friluftsliv og rekreasjon. Miljømålsetjinga for prosjektet er dermed oppnådd, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Bergen hamn er eitt av dei prioriterte områda i nasjonal handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn. Reinare hamn Bergen-prosjektet består av delområda Store Lungegårdsvann, Puddefjorden og Vågen.

Oppryddingsområdet svarer til 51 fotballbanar

Sjøbotnen i Store Lungegårdsvannet var sterkt forureina av tungmetall og organiske miljøgifter som polyklorerte bifenyler (PCB), polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) og tributyltinn (TBT). Forureininga kjem i stor grad av utslepp frå no nedlagd industriverksemd, vegtrafikk og malingrester og liknande frå oppussing av bygningane i byen. Kjelder til forureining frå land er no stansa eller kraftig reduserte.

Omfattande miljøundersøkingar og risikovurdering i 2014-2016 konkluderte med at Store Lungegårdsvannet var så sterkt forureina at det var behov for å rydde opp i sjøbotnen. 

Det har no vorte fjerna 84 tonn skrot frå sjøbotnen, og det er mudra ned til faste massar under Gamle Nygårdsbru for å hindre spreiing av forureina sediment til Store Lungegårdsvannet og Puddefjorden. Om lag 120 000 m3 reine massar har vorte brukte for å etablere den nye sjøbotnen. Arealet som er tildekt og no er reint er på 365 000 m,2 noko som svarer til 51 fotballbanar.

Staten ved Miljødirektoratet har finansiert 75 prosent av tiltaket. Dei resterande 25 prosent har Bergen kommune finansiert.

Ny og rein sjøbotn

Tildekkinga inneber at eit 30 cm tjukt lag med reine massar kapslar inn miljøgiftene på sjøbotnen, slik at dei blir tekne ut av sirkulasjon og hindrar livet på sjøbotnen i å komme i kontakt med forureiningane. 

Planen framover er å halde fram med å overvake miljøtilstanden i Store Lungegårdsvannet, førebelse undersøkingar viser at livet er på veg tilbake og at  sjøbotnen fungerer etter hensikta.