Klimatilpassing: Kommunar kan søkje støtte for 2024
Kommunar og fylkeskommunar kan søkje tilskot til arbeid med klimatilpassing i 2024. Søknadsfristen er 15. februar.
Regjeringa har sett av 6,4 millionar kroner i forslag til statsbudsjett for 2024 til støtteordninga. Det er Miljødirektoratet som forvaltar ordninga.
Tilskotsordninga skal fremje arbeidet med klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar. Formålet er å auke kunnskapen om korleis dagens og framtidas klimaendringar påverkar kommunane og fylkeskommunane, og korleis dei best kan tilpasse seg og førebyggje negative verknader av klimaendringar.
Søknadsfrist 15. februar 2024
Alle kommunar og fylkeskommunar kan søkje tilskot for klimatilpassing. Dei kan søkje på vegne av seg sjølv, eller saman med andre kommunar og fylkeskommunar.
Tilskotsordninga kan gje støtte til mange ulike problemstillingar. For å bidra til at kunnskap og erfaringar kjem til gode, vektlegg Miljødirektoratet prosjekt med overføringsverdi og prosjekt som går føre og utviklar kunnskap på nye område.
Klimatilpassing i heile landet
Miljødirektoratet har støtta fleire prosjekt innan klimatilpassing sidan ordninga vart oppretta i 2015. Alle prosjekta som har fått støtte er tilgjengeleg på nettsida til Miljødirektoratet. Lista med prosjekt og prosjektrapportar kan vere nyttig for kommunar og fylkeskommunar som vil sende inn søknader.