Dårleg kontroll med f-gasser i bygg- og anleggsbransjen
Dei største bygg- og anleggesentreprenørane har ikkje rutinar som sikrar at klima-, fryse- og kjøleanlegg blir handterte av sertifisert fagfolk.
Det viser eit tilsyn med dei åtte største bygg – og anleggsentreprenørane i landet. Målet med tilsynet var å kontrollera at entreprenørane følgjer opp plikta dei har for å sikra at dei som installerer, og demonterer kuldeanlegg, luftkondisjoneringsanlegg eller varmepumper er sertifisert for jobben.
Inneheld svært sterke klimagassar
Kuldemedia i desse anlegga kan innehelde svært sterke fluorholdige klimagassar (f-gasser), mellom anna hydrofluorkarboner (HFK).
I dag er lekkasjar av HFK-gasser frå kuldeanlegg, luftkondisjonering og varmepumper den desidert største kjelda til utslepp av f-gasser. For å redusera og forhindra utslepp av f-gasser er det strenge krav til korleis gassane skal handterast og at det må gjerast av sertifisert personell og foretak.
Kjenner ikkje krava om sertifisering
Tilsynet vårt viser at bygg- og anleggesentreprenørane i lita grad kjenner til kravet i regelverket om at den som set ut oppdrag til kuldeentreprenørar som er i medverknad med f-gassene skal sikra at foretak har naudsynt sertifisering.
Har ikkje rutinar som sikrar at kuldeentreprenører følgjer regelverket
Dei store entreprenørane set ut oppdrag med arbeid på anlegg som inneheld f-gasser. I mange prosjekt er det ein underleverandør som set ut oppdraget til kuldeentreprenørar. Både hovudentreprenør og mellomledd har eit ansvar og må setja i verk tiltak for å sikra at regelverket for handtering av f-gasser blir overheldt.
Tilsynet viste at ingen av hovudentreprenørane hadde tilstrekkelege tiltak og rutinar eller tok stikkprøvar for å kontrollera om montørane, dei sette ut oppdrag til, var sertifiserte eller om mellombedriftene som sette ut oppdraget brukte sertifiserte underleverandørar.
Følgjer opp med nye tilsyn der det er nødvendig
Miljødirektoratet vil følgja opp entreprenørane så dei får på plass dei rutinane dei skal og vi vil gjennomføra fleire tilsyn for å kontrollera at rutinane blir følgde slik at f-gassene blir handtert forsvarleg.
Dette er bygg – og anleggebedriftene som vart kontrollert:
- Recover Oslo
- Skanska Norge AS avd. div bygg region Oslo/Akershus
- Veidekke entreprenør AS selskapsadministrasjon
- Peab bygg Norge AS adv. Tromsø
- AF gruppen Norge AS, AF bygg/rehab Oslo/administrasjon
- Kruse Smith entreprenør AS avd. Kristiansand hovedkontor
- HENT AS avd. Oslo
- NCC Norge AS