Prosessrettleiaren for overvasshandtering er oppdatert
Miljødirektoratet har i samråd med NVE oppdatert prosessrettleiaren for overvasshandtering.
Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Rettleiaren gir oversikt over alle stega i overvasshandtering frå planlegging og konsekvensvurdering til gjennomføring og oppfølging.
Rettleiaren viser særleg korleis overvassomsyn systematisk kan takast inn i ulike plannivå, og er avstemt med NVEs "Rettleiar for handtering av overvatn i arealplanar" frå mars 2022.
Me håpar dette kan bidra til å gi kommunane ei god og samla oversikt over kva som skal til for å vareta tryggleik mot skade på helse, miljø og infrastruktur, og samtidig vareta overvatnet som ressurs.