Konferanse | 24.11.2022 – 02.12.2022
Klimasamling for kommunene i Vestland
Alle kommunane i Vestland var invitert til samling i november/desember 2022 for å styrke arbeidet med utsleppskutt. Sjå opptak her.
Samlingane vart arrangert av Miljødirektoratet, Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune, i samarbeid Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), Cicero senter for klimaforskning og KS.
- Førde, 24. og 25. november 2022, hotell Scandic Sunnfjord
- Bergen, 1. og 2. desember 2022, hotell Scandic Ørnen
Formålet var å gje tilsette frå ulike fagområde auka, praktisk kompetanse, og knytte kontakt med kollegaer i andre kommunar med tanke på framtidig samarbeid og deling på kompetanse og ressursar.
Program
Dag 1
10.00-11.30: Topplederforum for inviterte ordførere/kommunedirektører - kun i Bergen.
10:30 - 12.00: Registrering
11.30: Lunsj
12.30: Opning av samlinga. Førde: Ordførar Jenny Følling, Sunnfjord kommune. Bergen: Statsforvaltar Liv Signe Navarsete.
12:40: Heilskapleg kommunalt klimaarbeid - kva legg vi i det? Eksempel frå kommune i Vestland. Førde: Sunnfjord kommune v/ Truls Hansen Folkestad. Bergen: Bergen kommune v/ Stina Ellevseth Oseland.
13:00: Kva krav og forventningar har staten til kommunane sitt klimaarbeid, og kva kan staten gjere for kommunane? Ved Miljødirektoratet - seniorrådgiver Audun Randen Johnson (Førde) og prosjektleder Kirvil Stoltenberg (Bergen).
13:20: Status for klimaarbeidet i Vestland. Førde: Vestland fylkeskommune v/ Synnøve Stalheim. Bergen: Vestland fylkeskommune v/ Ida Beate Mølmesdal.
13.40: Pause
14:00: Klima inn i kommunal arealplanlegging – frå mål og visjonar til praktisk planlegging. Voss herad v/ Gunnhild Utkvitne.
14.25: Grøne anskaffingar som strategisk verktøy. Ved Odd-Olaf Schei og Helene Hoggen, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).
15:00: Korleis skal vi eigentleg få folk med på omstilling til et grønare samfunn? Korleis kan vi skape engasjement rundt klimaarbeidet og tiltaka i kommunane våre? Ved Astrid Arnslett, Cicero senter for klimaforskning.
15.25: Pause
15.45: Kvar ligg gevinstane i eit aktivt klimaarbeid? Og korleis institusjonalisere klimaarbeidet i verksemda og utnytte lokale fortrinn enno betre? Ved Kjetil Bjørklund, fagleiar klima i KS.
16.10: Kvar ligg gevinstane i eit heilskapleg klimaarbeid, og korleis kople utsleppsreduksjon, klimatilpassing og naturmangfald? Førde: NORADAPT v/ Eivind Brendehaug. Bergen: NORCE v/ Marie Pontoppidan.
16.35: Klimaarbeidet som motor i utvikling av framtidsretta arbeidsplassar i Vestland. Ved Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland.
17.15: Ut på tur: Byvandring om lokalt klimaarbeid i Førde/Bergen.
19:30: Middag
Dag 2
08.30: Introduksjon for dagen.
08.40: Indirekte utslepp – kva kan og bør kommunane gjere? NORSUS v/ Mona Nilsen.
09:10: Diskusjon i grupper: Ver med og diskutere utfordringar og moglegheiter innan tre tema som du er oppteken av. Vi bruker "verdskafé-modellen" med ein fast gruppevert som legg til rette for samtalen ved bordet. Alle får 20 minutt ved kvart bord, og høve til å besøke tre bord/temaer i løpet av økta.
10:10: Pause
10.30: Bli kjent med kollegaer i andre kommunar. Vi kartlegg på førehand kva problemstillingar og oppgåver innan klimafeltet som deltakarane skal jobbe mest med i året som kjem. På denne delen av samlinga sett vi opp bord for dei ulike tema som deltakarane melder inn. Sett deg ved det bordet du meiner er mest relevant for deg, og snakk med andre som skal jobbe/jobbar med det same. Vi håper dette kan gje deg eit større nettverk og fleire å sparre med i det videre arbeidet.
11.15: Avslutningsinnlegg.
11.30: Lunsj og heimreise