Seminar | 28.05.2021 – 28.05.2021
Fagsamling for utvalde kulturlandskap i jordbruket 2021
Velkomen til digital fagsamling på Teams om utvalde kulturlandskap i jordbruket.
Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Riksantikvaren inviterer til digital fagsamling for utvalde kulturlandskap i jordbruket fredag 28. mai.
Samlinga er for dei som jobbar med satsinga ved landbruks- og miljøavdelingane hjå statsforvaltaren og kulturminneavdelinga i fylkeskommunane og Sametinget. Samlinga er også aktuell for kommunane som har utvalde kulturlandskap.
Meld deg på via skjemaet under!
Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er tufta på ei heilheitleg landbruks- og miljøforvaltning som sikrar verdiar knytte til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø gjennom aktiv jordbruksdrift og langsiktig skjøtsel i områda.
Regionalforvaltninga er sentralt kontaktpunkt for nasjonale myndigheiter og fagleg rådgjevar for kommunane som tok over forvaltningsansvar i 2020.
Fagsamlinga skal vere ein møteplass for å utveksle kunnskap og erfaringar innafor heile breidda av det regionale forvaltningsnivået landet rundt, og samle sentralt og regionalt forvaltningsnivå involvert i oppfølgjinga.
Det er ønskjeleg at representantar frå miljøvernavdelingar og kulturminneavdelingar stiller ilag med representantane frå landbruksavdelingane.
Som tidlegare år kan også kommunale representantar delta. Samlinga kan elles vere relevant for dei som forvaltar verdsarvsatsinga i jordbruket.
Programmet i år vil handle om å dele erfaringar knytte til forvaltningsansvaret i kommunane og rollen som regional forvaltning har vidare i arbeidet med Utvalde kulturlandskap i jordbruket.
Framgangsmåtar og reiskap for å besøk og formidling knytt til dei utvalde kulturlandskapa blir også tema.
Samlinga blir gjennomført som eit ordinært Teams-møte. Presentasjonar, spørsmålsrundar og dialog blir styrt av Miljødirektoratet som leier møtet og har det tekniske ansvaret for gjennomføringa.
Velkomen til digital fagsamling!
Registrering er nødvendig for å få lenke til møterommet. Alle som registrerer seg vil få tilsendt lenke på e-post.