Vannmiljø

Vannmiljø er systemet miljøforvaltinga har for å registrere, analysere og gjere miljødata i vatn tilgjengelege. Systemet skal gi grunnlag for kunnskapsbasert og heilskapleg vassforvalting. Systemet gir deg oversikt over pågåande og tidlegare kartleggings- og overvakingsaktivitetar i vassførekomstar i Noreg.

Vannmiljø er verktøyet som miljømyndigheitene bruker til å registrere og analysere miljøtilstanden i elvar, innsjøar og kystvatn. Systemet systematiserer data og gjer data om tilstand og utvikling i miljøkvaliteten i vatn tilgjengeleg for bruk i det offentlege.

Gjennom fleire søkjefunksjonar kan du hente ut informasjon om artar, miljøtilstand og utvikling i elvar, innsjøar, kystvann og grunnvatn.

Heilskapleg og kunnskapsbasert vassforvalting

Ei heilskapleg vassforvalting inneber at vi har kunnskap om alle relevante faktorar som er knytte til det å forbetre eller halde oppe ein god tilstand – økologisk og kjemisk – i vatnet. Det krev god tilgang på informasjon om tilstand, påverknader og viktige brukarinteresser i og omkring vassførekomsten gjennom heile avgjerdsprosessen.

Vannmiljø er ei nettbasert teneste der informasjonen blir henta inn som WMS-lag frå databasane til relevante etatar og vist gjennom temalag i kartet. Løysinga er basert på GIS-teknologi og samordnar dataa frå dei ulike kjeldene. Vannmiljø gjer det dermed mogleg å sjå lagra vassdata og andre typar vassrelaterte data i samanheng gjennom eit felles kartgrensesnitt og å gjere statistiske og geografiske analysar av dei.

I Vannmiljø kan du gjere statistiske og geografiske analysar på registrerte data mot utvalde vassadministrative data, til dømes kommunevis eller fylkesvis inndeling av data eller inndeling etter vassdrag.

Samordna overvaking

Vannmiljø kan fremje effektiv bruk av ulike nettverk av målestasjonar og måleprogram på tvers av fagetatar og forvaltingsnivå. Systemet skal gi ei samla oversikt over pågåande og tidlegare overvaking på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå og sikre koordinering med eksisterande overvaking ved planlegging av ny overvakingsaktivitet. Dersom det er mogleg, skal eksisterande overvakingsstasjonar brukast når nye overvakingsoppdrag skal setjast i gang.

Alle ferskvassartar skal registrerast i Vannmiljø som ein del av overvakingsaktiviteten som er knytt til biologisk mangfald.

Arbeid under vassforskrifta

Vannmiljø vil spele ei sentral rolle i arbeidet under vassforskrifta. Arbeidet med å vurdere miljøtilstanden i vassførekomstane og sjå på det samla biletet av påverknader og effektane av dei i vassførekomstane krev tilgang på datamateriale knytt til biologiske, kjemiske og morfologiske parametrar i vassførekomstane. Dette datamaterialet vil vere tilgjengeleg i Vannmiljø og danne fagleg grunnlag for desse prosessane.

Vannmiljø kjem òg til å danne grunnlag for planlegging og gjennomføring av kartleggings- og overvakingsaktiviteten som ei følgje av vassforskrifta. Data som ligg i systemet, vil vere tilgjengelege for all saksbehandling knytt til vassmiljø.

Vann-Nett

Det er utvikla eit eige dataverktøy, Vann-Nett, som blir brukt i arbeidet under vassforskrifta, og dei to systema er kopla saman ved at ein lett kan hente inn informasjon frå det eine systemet til det andre. I arbeidet med å klassifisere miljøtilstanden i vassførekomstane blir overvakingsdata henta inn frå Vannmiljø til Vann-Nett, og miljøtilstanden blir definert på grunnlag av desse.

Standardisering av datainnhaldet

Vannmiljø har eit eige kodeverk som oppgir formatet som data skal registrerast på. Kodeverket definerer standard i forhold til eigenskapane ein ønskjer å registrere, både med tanke på biologiske, fysisk-kjemiske og hydromorfologiske parametrar og parametrar knytte til miljøgifter og tungmetall.

Tema

Kategori