Havmiljø.no

Havmiljø.no samlar informasjon om miljøverdiar i norske havområde og korleis dei er fordelte i tid og rom. Formålet med systemet er å støtte avgjerder om menneskelege aktivitetar i havområda.

Gjennom kartlegging og forsking blir det bygd opp stadig ny kunnskap om mange marine artar, til dømes om skjøre naturtypar på havbotnen, om viktige leveområde og om tilstanden til artane.

Havmiljø.no samlar denne detaljerte kunnskapen i eitt system og bidreg slik til eit betre grunnlag for å forvalte havområda.

Havmiljø.no som verktøy

Havmiljø.no er ikkje eit vanleg utbreiingskart for artar og naturtypar, men ei arealbasert verdisetjing av desse. I sjølve kartløysinga finn du lenkjer til meir kunnskap om artane som bruker dei ulike områda. Du kan setje miljøverdikarta saman med kart over menneskeleg aktivitet og sjå korleis dei fell saman. Under detaljsidene finn du oversikter og grunngivingar for korleis området du har valt, er vektlagt.

Om utviklinga av systemet

Dåverande Direktoratet for naturforvaltning fekk i 2008 i oppdrag frå Miljøverndepartementet å leie utviklinga av eit system for miljøverdivurdering og sårbarheitskriterium for marine artar og leveområde.

Miljøverdiane er på denne måten identifiserte gjennom eit samarbeid mellom sentrale forvaltingsetatar og forskingsinstitusjonar, og følgjande sentrale forvaltingsorgan og forskingsinstitusjonar har delteke i prosjektgruppa:

  • Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet), leiar for prosjektet
  • Havforskingsinstituttet (HI)
  • Norsk institutt for naturforsking (NINA)
  • Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif)
  • Norsk polarinstitutt (NP)
  • Noregs geologiske undersøkingar (NGU)

Det Norske Veritas (DNV) blei leigd inn som konsulent for analysesystemet, og Bouvet asa har utvikla webløysinga.

Tema

Kategori