Seismikk er ein geofysisk måte å undersøkje undergrunnen på. Foto: iStockphoto

Seismikk og anna marin støy

Marin seismikk går ut på å sende lydbølgjer frå overflata og ned i undergrunnen for deretter å motta refleksjonane like under overflata. Seismikkskyting blir brukt for å finne og kartleggje førekomstar av petroleumsressursar og for å overvake injeksjon av blant anna CO2 i geologiske formasjonar.

Det er brei semje om at kommersielle fiskeartar blir skremt av seismikkstøy, men dette er likevel berre ei ulempe for fiskerinæringa og ikkje for miljøet. Bruk av seismikk for å kartleggje olje- og gassførekomstar under havbotnen kan gjerast utan nærmare regulering i forureiningslova dersom det blir gjort utanom gytefelt og gyteperiode. Andre marine støykjelder, som propellstøy, pæledriving og boring, er ikkje regulerte i Noreg.