Myndigheita og ansvaret til direktoratet

I Norge er vasskraft, vindkraft og bioenergi vigtige kjelder til fornybar energi. Frå vasskraft og vindkraft produserer vi elektrisitet, medan bioenergi i hovudsak nyttast til varmeenergi.

Produksjon av vasskraft og vindkraft fører i liten grad til utslepp av klimagassar. Bruk av bioenergi fører til utslipp av klimagassar, men karbonet som slippes ut frå biomassen ved forbrenning vil bli tatt opp igjen i ny tilvekst i trær og andre vekstar over omløpet.

Forutsatt ein berekraftig hausting og sikra tilvekst av bioressursar vil derfor bruk av bioenergi over tid vere karbonnøytralt. Eitt tiltak for å redusere utslepp av klimagassar, og dermed minske auken av klimagassar i atmosfæren, er å sørgje for at ein større del av energiforbruket vårt kjem frå fornybare energikjelder.

Utbygging av vasskraft og vindkraft medfører til dels store naturinngrep som endrar landskapet og påverker naturmangfaldet og forholda for friluftslivet. Miljødirektoratet vurderer miljøverknadene ved planlagde energiutbyggingar. Vi gir òg råd til energimyndigheitene om utbyggingar og tilpassingar.

Uttak eller dyrking av råstoff til bioenergi kan óg påverke areal. Miljødirektoratet vil være ein pådrivar for at dette skjer på en miljøtilpassa måte.

Miljødirektoratet er faglig rådgiver og har myndighetsoppgaver knyttet til  utbygging og drift av anlegg for produksjon og overføring av fornybar energi, samt utvikling og implementering av bærekraftskriterier for biodrivstoff.

Miljødirektoratet har som oppgåve  å bidra til at negative konsekvensar for naturmangfald, friluftsliv og landskap som følgje av utbygging og produksjon av fornybar energi blir så små som mogeleg, og å bidra til å redusere klimagassutslepp ved bruk av mellom anna fornybar energi.   

Miljødirektoratet er høyringsinstans for større  utbyggingar av vasskraftverk, vindkraftverk og kraftliner. Vi utarbeider høyringsfråsegner til meldingar og søknader med konsekvensutgreiing. Miljødirektoratet har ansvaret for drifta av Samla plan for vassdrag. I forbindelse med vasskraftsaker kan vi gi pålegg om undersøkelser og tiltak for å betre forholdene for anadrom laksefisk.

Relaterte lenker