Forsøpling er ulovleg. Foto: epSos.de, Flickr

Forsøpling

Forsøpling er ulovleg, og kan både vere svært skjemmande for nærmiljøet og ei kjelde til forureining. Forsøpling oppstår ofte ved at småavfall blir mist og hamnar på avveg. Ei anna form for forsøpling kan vere ulovleg lagring av brukte gjenstandar, for eksempel bilvrak, på eigen eigedom. For somme kan det gi ein økonomisk gevinst å dumpe avfall slik at det blir danna ulovlege avfallsplassar, eller villfyllingar. Det er kommunen som har ansvaret for oppfølging av forsøplingssaker.

Tjenester og verktøy