Våtorganisk avfall kan komposterast, blir gjenvunne og utnytta som gjødsel og jordforbetringsmiddel. Foto: antianki, Flickr

Våtorganisk avfall

Våtorganisk avfall omfattar blant anna avfall frå fisk- og kjøtindustri, næringsmiddelindustri, matavfall og hageavfall. Deponering av våtorganisk avfall gir utslepp av klimagassen metan, utslepp av næringssalt gjennom sigevatn, luktproblem og problem med rotter og fuglar. Derfor er deponering av slikt avfall forbode. I staden bør våtorganisk avfall brukast til produksjon av biogass, biogjødsel eller kompost.