Målet er at voksteren i avfallsmengder skal vere lågare enn den økonomiske voksteren. Foto: iStockphoto

Avfallsførebygging

I tillegg til å sørgje for at avfall blir handtert riktig, er det viktig å redusere miljøproblema frå avfall ved å minimere avfallet som oppstår. I dag er avfallsmengdene i Noreg aukande på grunn av folkeauke og auka forbruk. Noreg har eit nasjonalt mål om at voksteren i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske voksteren.