Forvaltning av laks, sjøørret og sjørøye

Ansvaret for den offentlege forvaltninga av laks, sjøaure og sjørøye (anadrome laksefisk), er lagt til Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Fylkesmannen og kommunane. Forvaltninga er styrt gjennom budsjett, lovverk og langtidsplanlegging.

Dei viktigaste juridiske verkemidla er forankra i lakse- og innlandsfiskelova. Laks, sjøaure og sjørøye er i utgangspunktet freda. Fredningsprinsippet betyr at det ikkje er tillatt å fiske etter artane utan at det er vedtatt spesielt.

Lakse- og innlandsfisklova

Formålet med lakse- og innlandsfisklova er å sikre vern og bruk av naturlege bestandar av laks, sjøaure og sjørøye, og innlandsfisk.

Hovudprinsippet er at det kan fiskast på desse artane i dei enkelte vassdraga, dersom det er eit overskott å hauste på etter gyting. Om dette prinsippet er oppfylt må vi som regel vurdere på bakgrunn av fangst og overvaking dei føregåande åra. Vi må også vurdere korleis andre faktorar enn fiske påverkar gytebestandane. 

Andre lovverk og forvaltningsorgan

Plan- og bygningslova, ureiningslova og naturmangfaldlova er også viktige lover som miljøvernforvaltninga har ansvaret for.

I tillegg til miljøvernforvaltninga har Nærings- og fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet ansvaret for forvaltningsområde som særleg påverkar villaksen. Eksempel på slike område er fiskeoppdrett, vassdragsregulering og fiskesjukdom.

Kontakt

Sturla Brørs
TLF: 481 73 531               
            
            
            
               

Relaterte lenker