Teltleir i enden av Rondvatnet i Rondane Nasjonalpark. Foto: Kim Abel, naturarkivet.no

Friluftslova

Friluftslova regulerer forholdet mellom grunneigarar og allmenta og definerer kva som er innmark og utmark. Allemannsretten er ein sentral del av lova.

Det offisielle namnet er lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet.

Formål

Endringar frå 2012

Friluftslova blei endra med verknad frå 1. januar 2012. Det blei gjort fleire viktige endringar og tilføyingar. Særleg vil vi peike på at allemannsretten gjeld i alle plantefelt heile året dersom retten ikkje er avgrensa i ei forskrift. Retten til å sykle og ri på sti og veg gjennom innmark for å komme til utmark er òg ei ny føresegn i lova. Haustingsretten er overført frå straffelova til friluftslova.

Formålet med friluftslova er å verne naturgrunnlaget til friluftslivet og sikre retten allmenta har til å ferdast og opphalde seg i naturen. Lova skal fremje og bevare høvet til å utøve friluftsliv som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet.

Allemannsretten

Friluftslova regulerer forholdet mellom grunneigarar og allmenta. Ho gir allmenta rettar, men òg plikter av omsyn til grunneigarar, naturen og friluftsfolk.

Uavhengig av kven som eig grunnen, sikrar allemannsretten oss rett til ferdsel, opphald og aktivitetar. Du kan altså gå til fots i utmarka heile året, sykle eller ri på vegar og stiar, padle og ro på sjøen, innsjøar eller elver. Du kan raste og telte, fiske fritt i sjøen, bade og plukke bær og sopp.

Det er viktig å vise noko meir aktsemd når du oppheld deg ein stad, enn når du berre passerer gjennom eit område.

Dersom nokon bryt føresetnadene i lova med tanke på omsynsfull åtferd, har grunneigaren lov til å vise vedkommande bort.

Innmark og utmark

Utmark er udyrka mark og omfattar det meste av vatn, strand, myr, skog og fjell. Innmark er først og fremst den private sona rundt bustadhus og hytter, dyrka mark, eng og kulturbeite. Alt som ikkje er innmark, er utmark.

Mindre bustad- eller hyttetomter blir i utgangspunktet rekna som innmark. Delar av større utbygde tomter er ofte utmark med rett til ferdsel. Retten har slått fast at ein grunneigar må tole å ha allmenta nærmare innpå seg i strandsona enn elles.

Ein grunneigar har ikkje rett til å vanskeleggjere ferdsel eller opphald for allmenta ved å setje opp fysiske hindringar eller skilt. Det er heller ikkje lov å privatisere utmarka ved å setje opp flaggstenger, sitjeplassar eller liknande.

Tema

Kategori