Personvern

Kontakt via brev og e-post

All post som blir send til direktoratet, er som hovudregel offentleg, jf. offentleglova. Det gjeld både e-post og brevpost. Vi fører ein offentleg journal over all utgåande og innkommande korrespondanse, der namnet til avsendaren og mottakaren, datoen på dokumentet og ei kort beskriving av dokumentinnhaldet vanlegvis kjem fram.

Den som ønskjer det, kan be om innsyn i saksdokumenta til Miljødirektoratet, noko som kan inkludere innsyn i e-postar eller brev frå privatpersonar.

Dersom dokumentet inneheld teiepliktige opplysningar, kjem ikkje desse fram i journalen, og dei blir strokne før det blir gitt innsyn i dokumentet.

E-postbruk har svake sider med tanke på tryggleik. Miljødirektoratet ber derfor om at førespurnader som inneheld sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter, aldri blir sende via e-post.

Informasjonskapslar og Google Analytics

Miljødirektoratet ønskjer til eikvar tid å tilby brukarane våre gode, relevante nettsider. Derfor er det viktig for oss å kunne innhente informasjon om brukarmønsteret til dei som bruker nettstaden.

For å kunne utvikle og analysere brukarmønsteret, nyttar miljødirektoratet.no informasjonskapslar ("cookies"). Informasjonskapslar er små tekstfiler som nettstaden lagrar på datamaskina til brukaren. For å analysere informasjonen vi hentar inn, bruker vi analyseverktyet Google Analytics. På Erdetfarlig.no har vi valt å leggje inn ein kode ("script") som fjernar dei siste siffera frå IP-adressa i informasjonskapselen før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjer at analyseverktyet kan anslå den geografiske plasseringa til brukaren, men adressa kan ikkje nyttast for å identifisere den einskilde brukaren.

Du kan avvise bruken av informasjonskapslar på maskina di ved å justere innstillingane i nettlesaren din. Men ver oppmerksam på at om du gjer dette, vil du kanskje ikkje vere i stand til å nytte all funksjonaliteten til nettstaden.

Nyheitsbrev

Interesserte kan melde seg på nyheitsbrev med aktuelle saker frå Miljødirektoratet. Nyheitsbrevet blir sendt på e-post. Det blir ikkje generert automatisk, men blir sett opp av informasjonsseksjonen i Miljødirektoratet. Dei som melder seg på, må oppgje den e-postadressa dei ønskjer å få nyheitsbrevet sendt til. Miljødirektoratet forpliktar seg til ikkje å gje e-postadressa som er meld inn av brukaren vidare til andre, eller å bruke adressa til noko anna enn å sende ut nyheitsbrevet. Brukaren skal når som helst kunne melde seg på og av nyheitsbrevet frå nettsidene til Miljødirektoratet eller ved å vende seg til redaksjonen på e-post: nettredaksjon@miljodir.no