I januar blei Statens naturoppsyn varsla om ein villreinbukk med symptom på skrantesjuke i Nordfjella. Oppsynet drog ut for å avlive dyret, men lukkast ikkje med å finne det igjen. Foto: Filefjell reinlag

Vil hindre spreiing av skrantesjuke

Miljødirektoratet sitt feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) har løyve til å jage og felle villrein i Nordfjella. Formålet er å hindre spreiing av skrantesjuke til hjortedyr i områda omkring.

Samarbeid om CWD

Mattilsynet er eit statleg forvaltingsorgan med ansvar for blant anna helse og velferd hos dyr, og arbeider med nedkjemping av sjukdomar hos dyr.

Miljødirektoratet er eit statleg forvaltingsorgan med ansvar for blant anna forvalting av hjortevilt, medrekna villrein og leveområda deira. Statens naturoppsyn er Miljødirektoratet sitt feltapparat.

Vitskapskomitéen for mattryggleik (VKM) gjer uavhengige, vitskaplege risikovurderingar for Mattilsynet og Miljødirektoratet.

Norsk institutt for naturforsking (NINA) er ein uavhengig stiftelse som forskar på natur. Dei har på oppdrag frå Miljødirektoratet samla inn prøvar frå hjortevilt felt under jakt for å kartleggje førekomst av skrantesjuke i Noreg.

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk forskingsinstitutt som analyserer prøvar for å sjå om dyr har skrantesjuke.

Det er også mange andre viktige lokale samarbeidsaktørar i norsk hjorteviltforvalting, både private og offentlege.  

I sist veke trekte åtte bukkar nordaustover frå Nordfjella villreinområde og inn i området kor Filefjell tamreinlag held til. Tre av desse blei felt, etter løyve frå Miljødirektoratet, mens det lukkast å jage dei andre fem dyra tilbake til villreinområdet. Dei felte villreinane er no testa ved Veterinærinstituttet, og ingen av dei hadde skrantesjuke.

Uroe minst mogeleg

– I utgangspunktet ønskjer vi at villreinen blir forstyrra minst mogeleg, men for at skrantesjuka ikkje skal spreie seg freistar vi å unngå at flokkane møtest. Derfor kan det bli aktuelt å jage villrein eller skyte enkelte dyr, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Fylkesveg 50 går igjennom Nordfjella villreinområde og deler bestanden to. Det er berre i den nordlege delen av området skrantesjuke er påvist. Dersom villrein nærmar seg fylkesveg 50, vil SNO følgje opp situasjonen og jage villreinen bort, slik at den ikkje vandrar ut eller inn av område der det er kjent at skrantesjuke finst.

Vernar tamrein

Nordaust for Nordfjella villreinområde skiljast villrein og tamrein av riksveg 52, og her har Filefjell tamreinlag sine dyr. Sidan skrantesjuke blir både spreidd mellom dyr og via miljøet, er det også viktig at tamrein og villrein ikkje kjem i kontakt med kvarandre eller kvarandre sitt miljø.

Filefjell tamreinlag har derfor gjennomført oppsyn med både tam- og villrein i området, men no tek SNO over ansvaret for å følgje opp villrein langs riksveg 52. Arbeidet vil framleis skje i tett samarbeid med Filefjell tamreinlag. SNO har nødvendig løyve til å jage, og eventuelt felle, villrein som nærmar seg riksveg 52, for å hindre at smitte spreier seg til tamreinområdet.

Tre sjuke villrein

Tidlegare er skrantesjuke påvist på tre villrein i Nordfjella. Sjukdomen er ikkje farleg for menneske, men kan ha store konsekvensar for hjortedyrbestandar. Det er derfor eit mål å bli kvitt sjukdomen i Nordfjella og skjerme andre område for smitte.

Mattilsynet og Miljødirektoratet samarbeider no tett for best mogeleg å handtere førekomsten av sjukdomen. Mattilsynet har ansvar for sjukdomar hos dyr, mens Miljødirektoratet har ansvar for viltforvalting. Mattilsynet vurderer no ulike måtar å kjempe mot skrantesjuke på. I dette arbeidet er også lokale aktørar innan forvalting av vill- og tamrein viktige samarbeidspartnarar.

Viktig å varsle om sjuke dyr

SNO kan felle sjuke villrein som blir observert. Sjuke elg, hjort eller rådyr kan felles i regi av kommunal viltforvalting. Alle slike dyr skal testast for skrantesjuke.

Sjå rettleiing om kommunen sitt ansvar og rolle på Miljøkommune

Relaterte lenker

Kontakt

seniorrådgjevar Erik Lund
viltseksjonen
telefon: 920 89 834

seniorrådgjevar Kari Bjørneraas
viltseksjonen
telefon: 952 18 088 

Tema