Produksjonssenteret på Frigg. Nordsjøen. Foto: Bernt Eide/Samfoto/NTB Scanpix

Mindre utslepp av miljøfarleg brannskum

Olje- og gassindustrien på norsk sokkel reduserte utsleppa av miljøfarleg brannskum og andre kjemikal frå 2014 til 2015. Samtidig aukar den totale bruken av kjemikal, samt utsleppa av produsert vatn og av klimagassar.

Klassifisering av kjemikal i petroleumsindustrien

Kjemikal i grøn kategori medfører ikkje skade eller ulemper for det marine miljøet.

Kjemikal i gul kategori er vanlegvis ikkje definerte som miljøfarlege.

Kjemikal i raud og svart kategori er prioriterte for substitusjon og blir strengt regulert. Dei skal berre sleppast ut der det er tungtvegande i tryggingssamanheng eller tekniske grunnar.

Plattformer på norsk sokkel er pålagde å ha effektive brannvernsystem. Fluorhaldige stoff har vore mykje brukt i brannskum fordi dei har eigenskapar som gjer skummet til eit effektivt sløkkjemiddel, men nokre av desse stoffa er også svært miljøskadelege og strengt regulert. Dei siste åra har Miljødirektoratet følgt opp bransjen tett for å framskunde overgang til fluorfritt brannskum. Nye tal presenterte på nettstaden Norske utslepp i dag viser at utskiftinga er kome godt i gong.

Bransjen si plikt å finne alternativ

Null utslepp av miljøfarlege stoff

«Nullutsleppsmålet» for petroleumsverksemda blei etablert i stortingsmelding nr. 58 (1996-1997) om Miljøvernpolitikk for ei berekraftig utvikling.

Hovudregelen er at det ikkje skal sleppast ut miljøfarlege stoff, verken tilsette kjemikal eller stoff som førekjem naturleg, som kan føre til skade.

Det er meldt at dette målet skal nåast innanfor akseptable rammer for miljø, sikkerheit og økonomi.

Utsleppa av fluorhaldig brannskum gjekk ned frå 129 tonn i 2014 til 107 tonn i 2015.

– Vi ser at offshoreindustrien jobbar systematisk med å skifte til fluorfrie produkt, og i likskap med annan industri har dei plikt til å skifte til mindre miljøskadelege produkt når det er mogeleg, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Noreg har eit politisk vedteke mål om nullutslepp til sjø, som blant anna inneber at det som hovudregel ikkje skal vere utslepp av stoff i såkalla svart og raud kategori (sjå faktaboksar).

Auka utslepp i raud kategori

Brannskum-krav

I 2007 blei det innført eit forbod mot brannskum med innhald av PFOS (perfluoroktansulfonsyre) eller PFOS-relaterte forbindelsar, med ein grenseverdi på 0,005 vektprosent. Denne grenseverdien blei sidan senka til 0,001 i 2013.

I etterkant av dette forbodet blei PFOS erstatta med andre perfluorerte og polyfluorerte forbindelsar. Desse stoffa har også uheldige helse- og miljøeffektar, og i miljøet finn vi per- og polyfluorerte stoff regelmessig igjen i både jord og vatn og i organismar som for eksempel polartorsk, polarmåse, sel, reinsdyr og isbjørn.

Miljødirektoratet oppmodar derfor offshorebransjen til substitusjon av brannskum som inneheld per- og polyfluorerte stoff. Det finst i dag gode fluorfrie alternativ på marknaden.

Frå 2013 til 2014 gjekk dei rapporterte utsleppa av stoff i svart kategori kraftig opp etter at Miljødirektoratet stilte krav om at brannskum skulle testast og fargekategoriserast. Frå 2014 til 2015 gjekk utsleppa ned frå 129 til 107 tonn. Samtidig auka utsleppa av stoff i raud kategori, delvis fordi ein del fluorfritt brannskum er i raud kategori. Ei anna årsak er at natriumhypokloritt, eit biocid som blant anna blir brukt for å redusere begroing i røyr, nyleg er kategorisert som raudt stoff. Stoffet er giftig for vasslevande dyr i konsentrert form, men blir raskt nøytralisert i sjøvatn.

Meir produsert vatn

Produsert vatn er vatn som kjem med olje og gass opp frå reservoaret. Vatnet skiljast ut frå oljen og inneheld oljerestar, kjemikal frå produksjonsprosessen og tungmetall som finst naturleg i reservoaret.

Utsleppa av produsert vatn auka frå 141 millionar m3 i 2014 til 148 millionar m3 i 2015. Miljødirektoratet har pålagt industrien å vurdere risiko frå slike utslepp og kva tiltak som kan gjerast for redusere dei. Vurderinga blei levert i mars 2016, og Miljødirektoratet er no i dialog med bransjen om kva tiltak som kan iverksetjast for å få ned utsleppa.

Auka klimagassutslepp og meir avfall

Aktiviteten på norsk sokkel auka frå 2014, noko som pregar alle utsleppstala. Bruken av kjemikal har auka mykje og jamt sidan 2003, men utsleppa til sjø har gått ned ettersom meir kjemikal blir injiserte i reservoara. Det blir også generert stadig meir avfall og farleg avfall på sokkelen.

Klimagassutsleppa aukar også ettersom stadig fleire felt blir eldre og det blir kravt meir energi for å hente opp petroleumsreservane. Frå 2014 til 2015 gjekk CO2-utsleppa opp med nesten 400 000 tonn.

Relaterte lenker

KONTAKT

Seksjonsleder Ingvild Marthinsen, seksjon for petroleum og havforvaltning, telefon 95171988

Senioringeniør Ingeborg Rønning, seksjon for petroleum og havforvaltning, telefon 46545921

Tema