Ny statusrapport for Tanavassdraget

Overvakings- og forskningsgruppa for Tanavassdraget har publisert ny statusrapport for laksebestandane.

Overvakings- og forskningsgruppa for Tanavassdraget vart sett ned i 2010 av Miljøverndepartementet, i dag Klima- og miljødepartementet, og det finske Jord- og skogbruksdepartementet. Gruppa består av to norske og to finske forskarar.

Dei grundige statusvurderingane for bestandane i vassdraget er i denne rapporten sett i samanheng med at Norge og Finland sist i september signerte ein ny avtale om og fiskereglar for fisket i Tanavassdraget. Det er gjort estimat for korleis dei foreslåtte reguleringane vil verke inn på beskatningsraten for dei enkelte sidevassdragsbestandane, og gitt råd om kva reduksjonar i fisket som må skje innanfor kvart sidevassdrag for å nå ein gitt effekt.

Les rapporten her.

Forslag til gjennomføring av den nye avtalen mellom Norge og Finland om fisket i Tanavassdraget er ute på høring i Klima- og miljødepartementet, med uttalefrist 14. desember. Det er lagt opp til at det nye reguleringsregimet skal tre i kraft frå 2017.

Relaterte lenker

Kontakt

seniorrådgiver Sturla Brørs, fiskeseksjonen
telefon: 481 73 531

Tema