Marine område og våtmarksområde verna

Kongen i statsråd har i dag vedteke å verne tre marine område. I tillegg er fleire verna våtmarksområde utvida.

Dei nye marine verneområda er Jærkysten i Rogaland og Gaulosen og Rødberget i Sør-Trøndelag.

Tre verneområde ved utløpet av Gaula i Sør-Trøndelag er utvida og slått saman til Gaulosen naturreservat. Vidare er Ørin naturreservat og Kausmofjæra fuglefredingsområde i Nord-Trøndelag utvida og slått saman til eit nytt Ørin naturreservat.

Samla nytt verneareal er ca. 170 kvadratkilometer.

Relaterte lenker

Tema