Stortjønna i Alvdal. Foto: Randi Saksgård, NINA

Stadig betre vasskjemi i forsura innsjøar

Medan vasskjemien i forsura innsjøar har hatt markant betring er det framleis begrensa betring av den biologiske tilstanden, syner to nye rapportar Miljødirektoratet har motteke.

Miljødirektoratet publiserer i dag to rapportar frå overvakingsprogramma som følgjer med på utviklinga av sur nedbør i Norge. Den eine rapporten presenterer resultat frå 2015 for overvaking av vasskjemiske forsuringseffektar i 78 innsjøar. Den andre rapporten presenterer resultat frå overvaking av biologiske effektar i 43 innsjøar som er undersøkt i perioden 2011-2014.

Vi veit at tilførselen av dei forsurande stoffa, svovel og nitrogen til atmosfæren, har gått sterkt ned dei siste 25-30 åra. Rapportane viser at fleirtalet av dei over 100 overvaka innsjøane har hatt positiv utvikling og i dag er mindre forsura.

– Dei lange dataseriane frå innsjøane er ein viktig dokumentasjon av den positive effekten reduserte utslepp av forsurande stoff til luft har på norsk natur. Samtidig viser resultata at det framleis er forsuringsproblem i delar av Noreg, men at vi kan rekne med positiv utvikling også i åra som kjem, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Biologisk betring tek lengre tid

Biologiske endringar er overvaka i 43 av sjøane, og viser eit  mindre eintydig bilete. I enkelte av innsjøane har talet på forsuringskjenslevare botndyr og småkreps auka og tidlegare utdøydde fiskebestandar har kome tilbake, men endringane er små og ustabile, og for fleirtalet av innsjøane er ikkje endringa førebels eintydig positiv.

Heile 67 prosent av innsjøane har moderat eller dårlegare økologisk tilstand basert på biologiske parametrar. Dei har dermed ikkje nådd miljømåla gitt i vassforskrifta.

– Dei positive endringane vi kan sjå i biologisk tilstand er små og kan blant anna skuldast at det tek tid før økosystema og bestandane reagerer på dei vasskjemiske endringane, seier Hambro.

Det er kan hende fleire andre årsaker til at biologien i innsjøane ikkje viser den same positive utviklinga som vasskjemien. Effektar av korte forsuringsepisodar, som vulkanutbrotet på Island i 2014 

blir ikkje alltid fanga opp av den vasskjemiske overvakinga. Barrierar mellom vassdraga vil i tillegg hindre nyetablering av artar som ikkje lengre finnast i vassdraget. For fisk er dette ei vanleg årsak til manglande positiv utvikling.

I tillegg kan andre negative påverknadar enn forsuring påverke biologien negativt. Dette kan vere fysiske endringar i strandsonen, endringar i vasstand eller, som i innsjøane i Aust-Finnmark, auka tilførslar av tungmetall som nikkel og kopar. I tillegg kjem blant anna klimavariasjonar.

Relaterte lenker

Kontakt

seniorrådgiver Steinar Sandøy, seksjon for vannforvaltning
telefon: 92042714

Tema