Siloksaner er blant annet målt i ørret og andre fiskearter i Mjøsa. Foto: Eirik Fjeld, NIVA.

Nok eit kosmetikkstoff funnen i naturen

Det siste tiåret har Miljødirektoratet avdekt at miljøgifter frå kosmetikk spreier seg i norsk natur. Ny undersøking viser at nok eit stoff kan ha tvilsame eigenskapar.

Screeningprogrammet for nye miljøgifter

Skal gje oss meir kunnskap om førekomsten av lite kartlagde kjemikalier i norsk miljø. Ei slik tilnærming er ofte retta mot stader der det er venta at konsentrasjonane av aktuelle forbindelsar er høgst.

Kartlegginga er kortvarig (eitt til to år) og er viktig for å avgjere eigenskapar eller risiko ved «nye» sambindingar og stoffgrupper. Screening er også viktig for å skaffe grunnlagsdata som avgjer om samanhengen kan utgjere eit problem i norsk miljø og difor treng vidare undersøkingar, som langtidsovervaking eller tiltak for å redusere bruken av stoffa.

Data frå screening og overvaking av miljøgifter er difor viktige når vi jobbar med risikovurderingar og for å regulere stoffa gjennom internasjonale regelverk og konvensjonar.

Siloksanar gjer sjampo, fuktkrem og sminke enklare å smørje på kroppen og blir brukt i store mengder av kosmetikkindustrien. Problemet er at stoffa også kan vere farlege for miljøet.

Les også: Sminkegift på avveier
Les meir om siloksanar på Miljøstatus

Miljødirektoratet har tidlegare funne siloksantypene D4 og D5 i mange ulike artar frå Oslofjorden til Arktis. Noregs data har vore med å leggje grunnlaget for eit EU-forbod i kroppspleieprodukt som no er til sluttbehandling i EU-kommisjonen.

Les også: Et skritt nærmere EU-forbud

No har Miljødirektoratet funne stoffet M3T(Ph) i Mjøsa. M3T(Ph) er også ei siloksansambinding som brukast i kosmetikk. Stoffet har fleire eigenskapar felles med D5, men har likevel ein ulik kjemisk struktur og funksjon i produkter.

Funna kan tyde på at M3T(Ph) hopar seg opp i fisk. Miljødirektoratet er ikkje sikre på kva som kan vere hovudkjelda til stoffet.

– Prøvane er få, og det er for tidleg å fastslå dette endeleg, men om funna vert bekrefta ved nye målingar kan også denne siloksanen bli ein kandidat for internasjonale reguleringar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Andre stoff

Undersøkinga i Mjøsa, som er utført av Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og Norsk institutt for luftforsking (NILU) for Miljødirektoratet, omfatta også ei rekkje andre stoff vi tidlegare ikkje har undersøkt, deriblant antioksidantar, lækjemiddel, pigment og fluorerte siloksanar. 

Sjå resultata og last ned heile rapporten her
Last ned rapport nummer 2 om screening av legemidler

Relaterte lenker

KONTAKT

sjefingeniør Sjur Andersen
kjemikalieseksjonen
telefon: 976 38 506

seksjonsleder Heidi Morka
kjemikalieseksjonen
telefon: 959 61 349

Tema