Svoveldioksid: Nikel er ei kjelde til luftforureing i Aust-Finnmark. Foto Bellona.

Høge nivå av svoveldioksid i Aust-Finnmark

I grenseområda mot Russland var nivåa av svoveldioksid i 2015 over grenseverdiane som gjeld for lokal luftkvalitet i Noreg. Episodar med høge nivå i fjor vinter gjer at grenseverdiane allereie er overskrida for 2016. 

Norsk institutt for luftforsking (NILU) gjennomfører overvakingsprogrammet i grenseområda mot Russland på oppdrag frå Miljødirektoratet. Rapporten for 2015 er no klar.

Overskriding av grenseverdiar

Programmet overvaker fleire stoff som vert slopne ut frå dei russiske industribyane Nikel og Zapoljarnij, og spreidde med vinden til den austlege delen av Finnmark.

Blant stoffa er svoveldioksid og tungmetall som vert regulerte i forskrift om lokal luftkvalitet. Forskrifta har som føremål å verne helsa til befolkninga, vegetasjonen og økosystemet.

Grenseverdiane for lokal luftkvalitet tillèt 24 timar overskriding av ein timesmiddelkonsentrasjon på 350 mikrogram svoveldioksid per kubikkmeter (µg/m3>). I 2015 vart desse grensane overskride 27 gongar. Talet på timar med for høge gjennomsnittskonsentrasjonar vart dermed for høgt.

Høge nivå av svoveldioksid kan gje negative helseeffektar hos mange, men astmatikarar og allergikarar er blant de mest sårbare. 

I løpet av seinvinteren i år var det fleire episodar med for høge nivå av svoveldioksid. I 2016 er det allereie registrert 39 timar over 350 µg/m3, og grenseverdiane for 2016 er altså overskreda. I tillegg er grenseverdiane for talet på døgn overskridne. 

Dialog med Russland

Nedfallet av tungmetall auka i 2004 og har sidan vore høgare enn i åra før 2004. 

Både auka nedfall av tungmetall og episodar med høge nivå av svoveldioksid gjer at norsk miljøforvalting følgjer utviklinga. Vi samarbeider også med russisk miljøovervaking om kartlegging av miljøstatus i grenseområdet.

Resultata frå overvakinga er viktig dokumentasjon i dialogen med russiske styresmakter om å få gjennomført tiltak for å redusere utsleppa.

Dersom utsleppa vert reduserte, vil det føre til vesentleg forbetring av miljøet også på russisk side av grensa der forureininga er mykje høgare enn på norsk side.

Relaterte lenker

KONTAKT

rådgiver Sigmund Guttu seksjon for transport og energi telefon: 452 67 143

 

Tema