Korallen Lophelia pertusa fotografert på Tauterryggen i Trondheimsfjorden. Foto: Erling Svensen.

På sporet av ukjende korallrev

Nye analysar bekreftar langt på veg mistanken forskarar har hatt om at havet utanfor Midt-Noreg rommar langt meir korallar enn vi har visst om. Korallar er òg truleg viktigare enn vi har trudd for økosystemet.

Kaldvasskorallar i Noreg

Noreg husar om lag ein tredel av dei kjende kaldvasskorallreva i verda.

 

Korallrev er viktige for ei rekkje andre artar av virvellause dyr, og ein finn ofte mykje fisk rundt reva.

 

Ein ny rapport tydar på at havområda utanfor Midt-Noreg kan huse langt fleire korallar enn forskarane har visst om.

 

95 000 kvadratkilometer havbotn er kartlagd frå Norskerenna i sør til Fugløybanken i nord. 1 000 kvadratkilometer er dekt med bioklastiske sediment. 100-200 kvadratkilometer kan truleg vere dekt av korallar.

 

Forskarar trur at kaldvasskorallar i Nordaust-Atlanteren kan ha kome frå området rundt Middelhavet.

Norske havområde rommar dei største førekomstane av ein kaldvasskorall med det klingande namnet «Lophelia pertusa». Faktisk er kvar tredje korall av dette slaget norsk. Miljødirektoratet har bestilt to nye rapportar for å betre kunnskapen om den naturrikdommen som finst under havoverflata i våre område.

– Kunnskap er viktig i forvaltinga av havområda. Vi treng kunnskap om kor korallar finst, kva korallar betyr for økosystema og kva dei tåler og ikkje tåler av påverknad frå oss menneske. Då kan vi gi betre faglege råd om korleis menneskeleg aktivitet kan gå føre seg i havet, utan at naturen tek skade, seier avdelingsdirektør Signe Nåmdal i Miljødirektoratet.

Fleire rev enn venta?

Ein rapport som Norges geologiske undersøkelser (NGU) har utarbeidd på oppdrag frå Miljødirektoratet, tyder på at det finst fleire rev enn ein tidlegare har trudd utanfor Midt-Noreg.

Forskarane har mellom anna analysert refleksjonsbilete frå multistråleekkolodd for å lage kart som viser såkalla bioklastiske karbonatsediment på havbotnen. Dette er havbotn som er dekt av haugar med kalkskjellett frå døde organismar, mellom anna Lophelia-korallen. I slike område finn ein ofte også levande korallar.

– Karta som er laga syner god overlapp mellom område med ein havbotn som antyder at det kan finnast korallar, og område som har kjende korallførekomstar. Det tyder på at metoden er eit godt verktøy for å anslå kor ein kan vente at det finst korallrev av ein viss storleik langs kysten, forklarar Signe Nåmdal.

– Det er kostbart og tidkrevjande å kartlegge havbotnen for å få oversikt over område med korallrev. Metoden gir oss grunnlag for å avgjere kvar vi skal pålegge kartleggingar ved ulike tiltak i havet, og kvar ein bør avgrense menneskeleg aktivitet som påverkar havbotnen, seier ho.

Unike førekomstar i Noreg

I ein annan rapport har Havforskingsinstituttet (HI) og Norsk institutt for naturforsking (NINA) samanstilt oppdatert kunnskap om Lophelia-korallari norske farvatn.

Noreg har både verdas største og nordlegaste kaldvasskorallrev, og dei tettaste førekomstane av slike rev. Vi har verdas lengste djuphavrev, Røstrevet, som er 35 kilometer langt. Vi har verdas grunnaste djuphavkorallrev, Tautra-ryggen, som ligg på berre 40 meter djupn i Trondheimsfjorden. I tillegg kan desse korallreva vere opp mot 8 000 år gamle.

I rapporten kjem det òg fram at Noreg truleg har store mengder steinkorallar som lever på bratte, undersjøiske veggar i fjordane våre.

Rapporten slår fast at Lophelia-korallar spelar ei nøkkelrolle i botn-økosystem i Norskehavet. Reva, som har ei blanding av levande og døde korallar, utgjer eit nettverk av stabile livsmiljø der ei rekkje artar finn skjul og tilgang på næring. Dei er mellom anna gode oppvekstområde for fisk. Reva påverkar mangfaldet av liv inntil 200 meter utanfor sjølve revet.

Viktige for økosystemet

– Rapporten peikar på at korallreva kan synest å vere viktigare for økosystemet enn det forskarane til no har trudd. Meir enn 1 300 artar er funne i tilknyting til norske kaldvasskorallrev, noko som er heilt på linje med dei tropiske slektningane deira, seier Nåmdal.

Rapporten viser at korallrevøkosystema har vore utsett for menneskelig aktivitet frå olje- og gassutvinning og botn-tråling. Undersøking av videotransekt frå slutten av 1990-talet peika på at mellom 30-50 prosent av reva var påverka eller øydelagde av botnreiskapar frå fiskeria. Seinare undersøkingar i andre område har vist at korallane her er påverka i mindre omfang.

Sidan 1999 er fiskeriaktivitet i korallområda regulert, og alle kjende korallrev er beskytta for å hindre nye skadar. Små korallrev, og rev som ein ikkje kjenner til, er likevel framleis i faresona. Ingen korallrev på norsk sokkel er verna mot anna enn fiskeriaktivitet.

Omset karbon

Havet tek opp CO2 frå utslepp av klimagassar. Effekten er at vatnet vert surare og det kan tære bort sjølve rev-strukturen og skapa vanskar for reproduksjonen og dei små larvane av Lophelia. Havforsuringa er rekna som eit av dei største trugsmåla mot korallar framover, men forskarane finn at forsuringa i tillegg kan forsterka den skadelege effekten av andre påverknader.

Den nye rapporten syner at korallreva verkar på økosystemet ved å ta opp og omsetje karbon. Korallområda i havet består av eit nettverk av levande og døde korallar, mikroorganismar og eit rikt mangfald av større organismar. Forskarane meiner dette nettverket samla kan omsetje opp til 25 prosent meir karbon enn dei sedimenta ein normalt finn på havbotnen.

 – Funna kan tyde på at korallreva altså bidreg til å bremse negative klima- og miljøeffektar. Samla har vi difor mange grunnar til å arbeide for å bevare korallrev i havområda våre for framtida, seier Nåmdal.

Relaterte lenker

Kontakt

seksjonsleiar Eva Degré,
marin seksjon,
telefon. 920 83 176

seniorrådgjevar Elisabet Rosendal,
marin seksjon,
telefon 924 78 030

Tema