Høyring om skjerpa krav til fluorhaldige klimagassar (2016/5504)

Miljødirektoratet foreslår skjerpa reglar for bruk av sterke fluorhaldige klimagassar. Målet er å få ei omstilling til meir bruk av klimavenlege kuldemedium og naturlege, ikkjesyntetiske kjølemiddel, eller anna alternativ teknologi eller gass med svakare klimaeffekt. Høyringsfrist er 20. oktober.

Miljødirektoratet foreslår å endre kapittel 6a i produktforskrifta for å inkorporere ny EU-forordning om fluorhaldige klimagassar i norsk rett.

Ny forordning frå EU

EU fastsette i april 2014 ei ny forordning om fluorhaldige klimagassar, forordning (EU) nr. 517/2014. Forordninga skjerper krava til bruk av dei sterke klimagassane HFK-ar, PFK-ar og SF6.

HFK-gassar er ei gruppe fluorsambindingar som blant anna blir brukt som kuldemedium i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og luftkondisjoneringsanlegg for bygningar og køyretøy. Dette er sterke klimagassar som ein ønskjer å redusere utsleppa av.

Forordninga opphevar og erstattar den tidlegare reguleringa av fluorhaldige stoff (forordning (EF) nr. 842/2006), som blei implementert i produktforskrifta i 2010.

EØS-relevant

Den nye forordninga er sett på som EØS-relevant og blir foreslått inkorporert i produktforskrifta. Den er likevel førebels ikkje implementert i EØS-avtalen, og frå norsk side blir det lagt opp til at den blir teken inn i EØS-avtalen med tilpassingar.

Fire nye underforordningar er også sett på som EØS-relevante, og desse blir foreslått inkorporerte utan tilpassingar.

I tillegg til minstekrava i EU-forordningane blir det foreslått ytterlegare to endringar i kapittel 6a i produktforskrifta. Dagens sertifikat får avgrensa varigheit, og plikta til rapportering for verksemder som bruker SF6-gass blir utvida.

Frist for å kommentere forslaga er 20. oktober 2016.

Vi gjer merksam på at høyringa blir gjennomført elektronisk. Saksdokumenta og skjema for å gi elektronisk tilbakemelding finn du nedst på denne sida. Høyringsdokumenta ligg i menyen til høgre.

Det er også mogleg å sende inn høyringskommentarar på e-post til post@miljodir.no eller per brev til Miljødirektoratet, postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim. Vêr venleg å merke brevet/e-post med referansen vår 2016/5504.

KONTAKT

sjefingeniør Alice Gaustad seksjon for klimakunnskap og klimatilpasning, telefon: 980 94 104

sjefingeniør Torgrim Asphjell seksjon for klimakunnskap og klimatilpasning,
telefon: 467 43 913

Høringsdokumenter

Høringsuttalelser

Direktoratet for byggkvalitet

25.10.16

Firma: Direktoratet for byggkvalitet

Referansegruppen for SF6

21.10.16

Firma: Referansegruppen for SF6

REMA 1000 i Norge

21.10.16

Firma: REMA 1000 i Norge

Norsk Varmepumpeforening NOVAP

21.10.16

Firma: Norsk Varmepumpeforening NOVAP

Sjøfartsdirektoratet

20.10.16

Firma: Sjøfartsdirektoratet

Moderne Kjøling AS

20.10.16

Firma: Moderne Kjøling AS

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) : NVEs høringssvar

19.10.16

Firma: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

VKE Bransjeforeningen for ventilasjon kulde og energi: Skjerpa krav til fluorhaldige klimagassar 2016/ 5504

18.10.16

Firma: VKE Bransjeforeningen for ventilasjon kulde og energi

Stiftelsen Returgass og Isovator AS

18.10.16

Firma: Stiftelsen Returgass og Isovator AS

Statens vegvesen

14.10.16

Firma: Statens vegvesen

Thermo King Norge AS

12.10.16

Firma: Thermo King Norge AS

Kuldeagenturer AS

11.10.16

Firma: Kuldeagenturer AS

kulde & klima as/ 991020691: kuldeanleggets eier

06.10.16

Firma: kulde & klima as/ 991020691

Relaterte lenker