Norske Shell søkjer om endring av løyve for Ormen Lange Landanlegg (2016/1715)

Miljødirektoratet har motteke søknad frå A/S Norske Shell om endring av løyve til verksemd etter forureiningslova for Ormen Lange Landanlegg på Nyhamna i Aukra kommune i Møre og Romsdal.

Norske Shell søkjer om følgjande endringar:

  • Auka ramme for mottak og behandling av naturgass
  • Auka ramme for utslepp av kjølevatn og tilført varmemengd til sjø
  • Auka utsleppsgrense for metan og flyktige organiske sambindingar (nmVOC) frå prosessen

Auka ramme for mottak og behandling av naturgass

Norske Shell søkjer om auka ramme for mottak og behandling av naturgass frå 70 til om lag 84 millionar standardkubikkmeter (Sm3) gass per døgn. Auken er knytt til mottak av gass frå Aasta Hansteen-feltet via røyrleidningen Polarled.

Auka ramme for utslepp av kjølevatn og tilført varmemengd til sjø

Norske Shell søkjer om auka ramme for utslepp av kjølevatn frå maksimalt 25 500 til maksimalt 30 631 kubikkmeter (m3) per time, og grensa for tilført varmemengd frå 185 MW til 370 MW per time. Auken er knytt til drift av anlegget (kompressortogene).

Auka utsleppsgrense for metan og nmVOC frå prosessen

På grunn av auka trykk i anlegget, auka mengder naturgass via Polarled og bl.a. fleire koplingar og utstyr på anlegget, søkjer Norske Shell om endring av utslippsgrense for metan frå 550 til 738 tonn per år og for nmVOC frå 600 til 636 tonn per år. Verifikasjonsmålingar er planlagt sommaren 2017.

Høyringsfrist 21. april 2017

Søknaden frå A/S Norske Shell er lagd ut til offentleg innsyn i kommunehuset på Falkhytten i Aukra kommune. Saksdokumenta og skjema for å gi elektronisk tilbakemelding finn du på denne sida. Høyringsdokumenta ligg i høgremenyen.

Det er også mogeleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til Miljødirektoratet, Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim. Ver venleg å merke brevet med «2016/1715».

Vi ber om at eventuelle fråsegner til søknaden blir sende innan 21. april 2017. Partar i saka vil bli informert om Miljødirektoratet si avgjerd.

Send inn høringskommentar

Uttalelse fra:  
Firma /
Organisasjon:
 
E-post:  
Emne:  
Uttalelse:
Last opp dokumenter:

NB! Høringskommentarer som lastes opp i skjemaet sendes automatisk til Miljødirektoratet og blir synlig under uttalelser på denne siden.

Høringsdokumenter

Høringsuttalelser

Fiskeridirektoratet

22.03.17

Firma: Fiskeridirektoratet

Tema

Relaterte lenker