Halliburton AS Mongstadbase søker om utslepp av perfluorerte forbindelsar (2013/4281)

Halliburton AS Mongstadbase i Lindås kommune i Nordhordaland søker om ei endring i løyvet.

Etterkunngjøring

SAR Treatment Mongstad (tidlegare Halliburton Mongstadbase) har fått løyve til utslepp av per- og polyfluorerte forbindelsar (PFAS) til Fensfjorden

SAR Treatment Mongstad er eit behandlingsanlegg for farleg avfall. Bedrifta søkte Miljødirektoratet om løyve til utslepp av per- og polyfluorerte forbindelsar (PFAS) til Fensfjorden. Bakgrunnen for søknaden er at det er PFAS til stades i avfallet som bedrifta behandlar.

Miljødirektoratet har gitt SAR Treatment Mongstad løyve til utslepp av PFAS på visse vilkår. Utsleppsgrensene er på 4 μg/L og 370 gram per år sum PFAS. Bedrifta får ei mellombels høgare årsgrense på 490 gram per år sum PFAS fram til 31. desember 2017 i påvente av installering av reinsetrinn. Grenseverdien er sett ut i frå informasjon frå bedrifta om PFAS i utsleppet, årleg vassmengd som går til resipient og total belasting i Fensfjorden samt resultata frå gjennomførd vassovervaking i resipienten i 2015. Desse viste at det ikkje er overskridingar av PFOS i Fensfjorden. Miljødirektoratet kan seinare endre grensene med heimel i forureiningslova § 18.

Vedtak og vilkår finner du langt nede i høyremenyen.

Vedtaket kan klagast til Klima- og miljødepartementet innan 3. februar 2017. Ei eventuell klage skal sendast til Miljødirektoratet, Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim, eller med e-post til post@miljodir.no. Merk klagen med sak 2016/312.

Opprinnelig høringstekst

Halliburton AS Mongstadbase i Lindås kommune i Nordhordaland er eit anlegg for mottak og behandling av farleg avfall. Bedrifta mottar og behandlar farleg avfall frå oljeboring. Dette er hovudsakleg boreslam, borekaks, slop og vaskevatn.

Bedrifta søker om ei endring i løyvet. Bakgrunnen for dette er at enkelte avfallsfraksjonar bedrifta mottek inneheld perfluorerte forbindelsar. Dette er ei gruppe forbindelsar som blir brote svært sakte ned, dei blir konsentrert opp i næringskjeda og kan gi skadelege effektar i miljøet.

Halliburton søker om utslepp av perfluorterte forbindelsar til Fensfjorden. Hydrokarbon-/kjemikalieholdig avfallsvatn blir på anlegget til Halliburton behandla i fellingsanlegg og dekantere for avvatning. Dette vatnet går vidare til biologisk reinseanlegg. Halliburton søker om utslepp av 4 kg/år for sum 18 av perfluorerte forbindelsar.
Høringsfrist 13. oktober

Søknaden frå Halliburton er lagt ut til offentleg innsyn på servicetorget i Lindås kommune og på nettsida til kommunen.

Relevante dokument og skjema for å gi elektronisk tilbakemelding er lagd ut på denne nettadressen: http://www.miljodirektoratet.no/horing2013-4281.

Det er også mogleg å sende inn kommentarar skriftleg til Miljødirektoratet, Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim. Merk brevet med 2013/4281.

Frist for å gi tilbakemelding er 13. oktober 2014.

Høringsdokumenter

Høringsuttalelser

Lindås kommune

12.11.14

Firma: Lindås kommune

Lindås kommune

03.11.14

Firma: Lindås kommune

Havforskningsinstituttet

14.10.14

Firma: Havforskningsinstituttet

Bygdefolk i Knarvik Nord: 2013/4281

12.10.14

Firma: Bygdefolk i Knarvik Nord

Fiskeridirektoratet

09.10.14

Firma: Fiskeridirektoratet

Vedtak